Til toppen av siden

Dato/klokkeslett: 07 Des 2019, 18:44

Tidssone UTC + 1 time [ DST ]




Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 1 innlegg ] 
Forfatter Melding
 Innleggets emne: Heving av nynorskprosenten
InnleggSkrevet: 25 Jan 2007, 01:56 
Det skal atter livne i lundar

Siste spark på ballen er sparka for no. No er det Barten som sparkar.

Det hyfsar seg til. Det er haust. Fjonet flyg, ljomargnauren skvallar og skraumkvadlane pip i bakpakkjen. Sesongen heve til ende fari, og Språkrådet til Barten syner seg då nøgd til å koma med ein kommentar til det heile.

Me er vonbrotne. Me er ottefuse. Me kjenner knøvlane risa seg i ryggj og på knok, og hovudristande ser me at alle våre draumar heve vortne slupne til botn i latrina. Og der sym dei rundt, til samans med gyljarskrømt, fjosenissar, tassar, tussar, spitsnokar og dassetroll.

Ein kan saktens ikkje seia seg nøgd med sånt noko. Ein kan berre ikkje det. Men kva skal me gjera? Kva skal me gjera? ”Lat giljotinen kappa halsgropa til alle dei trenarfantane som heve haft ein fingjer med i spelet!” er songen som spelast no. Men gjer me det, då kan me, i ein farleg fei, vera på veg inn i det djupaste nottemyrkjet vyrde Bergen har vore borti sidan papirutgåva til Barten vart veid og funne for tung.

For kven skal taka over? Kven skal gjera jobben? Skal eg? Skal du? Skal grannen din? Skal me stogga det fyrste og beste farande fantefylgje som kjem forbi og spørja dei? Skal me høyra med Titten Tei? Sjølvsynt skal me ikkje det. Ingen vågar likevèl. Kun staute, gromme Mons frå Øydno tør. Me feng leva med det. Om det så aldri er så gale at det ikkje er godt for noko. Og eitt er sikkert: Me skal alltid klaga og syta.
Det heile kan oppsummerast i eit lite gjallardikt:


Akk Brann, akk Mons O’ Mjelde
Du heve no fengje ditt einevelde
Men når våren atter kjem med soleglans og sprettande gjøk
Då kjeme me att, då kjem me på besøk
Og i øyrkeslaus kjedsamheit vil me sjå
At spelararararane so høgt på strå
Drit seg ut
Kjem akterut
Me gjeng for lut
Og kaffigrut

Og eg vert so arg at eg berre må hyle, høgt som tåkeluren sitt skringjande ul:
Storslynglar!
Brakaslaskar!
Tant!
Fant!
Og det som verre er!

Og i sumarkveldens fjone fimlebrus, smyg svartstakkjen seg ymlande rundt i bleikarhesja. Hjå Barten er det fogelsprett og klokkarspel. I kveld – i kveld syng skjera.


Jardim Paulista


Hentet fra Brannfanzinen Barten på http://www.barten-hq.org/


Topp
  
 
Vis innlegg fra forrige:  Sorter etter  
Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 1 innlegg ] 

Tidssone UTC + 1 time [ DST ]


Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest


Du kan ikke opprette nye emner i dette forumet
Du kan ikke skrive innlegg i dette forumet
Du kan ikke redigere dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp vedlegg til dette forumet

Søk etter:
Gå til forum:  
cron

Topp

GodsetUnionen © 2006-19 | Webpublisering og webdesign i Drammen